tysdag 4. september 2012

Barcelona!


Her vandrar me på ein av dei lange spaserturane, forbi triumfbogen i
Barcelona - med konsert rungande bak oss.

Papirbrudlaupsdagen feira me med surfing på Solastranda saman med trulovar Henrik, hans kone Hanne og vår felles frende Johannes. Dei tre hadde vore i eit anna brudlaup same dag som oss,a ltså kvelden før. Artig nok var lokale for festen til Karin Synnøve og Øyvind sin flotte brudslaupsfest rett bakanfor Solastranda, så me møtte opp på same parkeringsplass for å ta surfebretta fatt. Seinare på kvelden sat me i kåken Sigrid og Andreas, syster og svoger. Ein hopp-på-tur var og hadde vore til sterk vurdering, og kring klokka 20.00 bestilte me tur med avreise klokka 04.00(!)
Barcelona svarte til forventningane. Har kan ein kombinere storbyliv med strand og bading. Strendene vart faktisk laga til før OL i Barcelona i 1992. Området var tidlegare prega av industri, men no yrar det av folkeliv.
Triveleg med ein vennepar i same by, klare for sosialt samkvem.

Artig var det og at eit vennepar, Lillian og Eivind, og var i Barcelona samstundes. Då fekk me leikekameratar som me kunne oppsøke for felles biltur, strandliv, fotball-EM og måltid. Ja, Lillian og Eivind:)

Me kunne ha skrive mykje om turen, men noko må me ha å fortelje også. Spør oss gjerne om beste restaurantoppleving. Den er verdt å høyre om. Og ja - Barcelona kan anbefalast!

På stranda i Sitkes fann me ei lita jente som likte å bygge sandslott.

Volleyball på stranda i Tarragona. Eivindo briljerar.

Ja, kva kan ein seie til slikt? Moro i vannkanten iallefall!

måndag 3. september 2012

Bloggoppstart igjen!

Ekteparet på ferie i Barcelona!
 Hei kjære familie og frendar!

No har me vore gifte i godt og vel eit år. Det er heilt fantastisk og anbefalast på det varmaste! I løpet av dette året har me opplevd mykje. Nokre av dykk har naturleg nok haurt om ulike hendingar - me går ikkje av vegen for å fortelje - men i det siste har det slått oss at me kanskje kan blogge litt no og då. Det kunnne vere kjekt både for oss og dokke. Magnus; har du lov til å skrive dokke? Ja, det vart faktisk lov idag, jamfør den nye rettskrivingsnorma for nynorsk. Men nok om det. Det kan du lese om i andre fora.

Litt blogging kan vere kjekt...
...for DOKKE for å vere litt orienterte om kva me driv med
...for oss sidan Magnus likar å skrive om gjerne ynskjer å gjere det meir
...for Elisabeth som likar å ta bilete, og kanskje "interiørblogge" litt
...og sidan me plar lage fotoårbok for kva me opplever i løpet av eit år - Noko som ein blogg vil vere med på å lette arbeidet med, med jamnare utplukking av bilete og skriving av tekst som kan vere nyttig til fotoboka.

Så med det har eg forklart bakgrunnen - utan av det på nokon måte var naudsynt eigentleg, men fordi det var kjekt! Kanskje kjem det og eit og anna tilbakeblikk på året som har gått?

Me vonar altså at du vil ha like stor glede av bloggen som oss!